Kunnskap om elevar sitt læringsmiljø: Ein gjennomgang av undersøkingar av læringsmiljøet i skulen i Noreg og fire andre land

Bidragsytere
Publiseringsår
2022
ISBN
9788275706773

Denne rapporten er basert på ei kartlegging og gjennomgang av undersøkingar av læringsmiljøet til elevar i skulen. Rapporten er skriven på oppdrag for Utdanningsdirektoratet. Rapporten er eit bidrag til revisjonen til direktoratet av Elevundersøkelsen, som er ei årleg undersøking av læringsmiljøet i norske skular.

I fyrste fase i prosjektet gjekk me breitt ut med tanke på å finna aktuelle undersøkingar i både Noreg og utland som ville vera spesielt relevante å gå i djupna på. Me har utarbeidd tre notat som har beskriven aktuelle undersøkingar. Notata har tent som grunnlag for diskusjon med Utdanningsdirektoratet om kva undersøkingar som det vil vera mest formålstenleg å gå grundigare inn på. Gjennom møte med Utdanningsdirektoratet har me funne fram til åtte undersøkingar som blir gjennomførte i norske skular og undersøkingar i fire andre land. Denne rapporten viser resultata frå analysane av desse undersøkingane.