9. Å vekse opp med samansette behov

Bidragsytere
Publiseringsår
2025
Korleis er det å vekse opp med ei funksjonsnedsetting? Og – korleis er det å vere familie når eitt eller fleire av barna har store omsorgsbehov og treng eit omfattande tenestetilbod? Dette er barn og familiar som på mange vis lever i ein ytterkant. Mange av barna er avhengige av omfattande helsehjelp, spesialpedagogiske tiltak, språktrening, miljøretta innsats – eller alt på ein gong. Dei treng tenester frå velferdssystemet for å få kvardagen til å gå i hop. Medan dei fleste barn blir meir sjølvstendige med åra, kan barn som veks opp med funksjonshemming, oppleve at tenestebehovet aukar med tida. Dette påverkar både barna sjølve og familiane dei er ein del av. Samstundes har det vore eit politisk mål i meir enn 50 år at dei skal få slik hjelp at dei kan ha ein så vanleg oppvekst og eit så vanleg familieliv som mogleg. Dette kapittelet tek for seg familiar som desse og deira erfaringar.